1990-2004

| | Comments (0) | TrackBacks (0)

1990-2004 Krisestemning og medlemsfall

Det let seg ikkje skjula at laget ved inngangen til det nye tiåret slit med å finna ein lagsstruktur som sameinar særlagsinteressene i eit ideologisk fellesskap. Det paradoksale er at særlagsaktivitetane blomstrar som aldri før medan laget slit med dårleg økonomi, svikt i rekrutteringa til sentrale verv og sterk frustrasjon i organisasjonen. (Sitat frå lagsbladet Frifan nr 1 - 1990)

Medlamestalet rasa nedover frå 370 i 1991 til 231 medlemmer i 2003. Medan laget på 80-talet hadde hatt eit godt og til dels aktivtmiljø når det gjaldt dans, turar og hyttekveldar, ser det ut som det sosiale miljøet ikkje blomstra på same måteni denne perioden. (Side 93)

Det er særlagsaktivitetane som i dag ugjerorganisasjonen. Ein kan vel slå fast at BUL i dag står fram som ein reinkultur- og fritidsorganisasjon. Spørsmålet blir om dei aktivitetane særlaga kan tilby er levedyktige i den jungelen som finst av ulike fritidstilbod. (---)

Framleis har dei fleste særlaga i BUL stor aktivitet, og det er særleg Teaterlaget, Spelmannslaget og Folkedanslaget som har stått for kontinuitet og fornying. Songlaget slit ein delmed oppslutning og profil. (Side 99)

Framtidsvisjonar?

Denfrilynte rørsla strever i dag med å tilpasse seg endringane i samfunnet. Begge bæresøylene som BUL er bygde på er i dag i ferd med å bli undergravne (nasjonal ideologi og ei hamn for innflyttarungdom), og BUL strevar etter å finna eit nytt livsfundament. Det er eit faktum at alle dei tradisjonelle og ideologisk funderte organisasjonane som ungdomslag, mållag, fråhaldslag og kristelege organisasjonar i dag tapar terreng. I staden veks det fram nye organisasjonar i samfunnet basert på ei heilt anna tilhøyrigheit enn ideologi. Det gjeld særleg innanfor kultur og fritid. Denne dramatiske endringa skjedde i hvoudsak etter 1980 med det moderne fritidssamfunnet si enorme vekst. Hovudtrenden i det norske organisasjonssamfunnet må seiast å vere ei endring bort frå det politiske og samfunnsretta, i retning av det upolitiske og individuelle.

Bondeungdomslaget i Nidaros er på mange måtar eit paradoks av di organisasjonen på den eine sida representerer ein utdøyande organisasjonskultur, samstundes som organisasjonen også representerer ein ny form for organisasjonskultur basert på dei individuelle fritidsinteressene som i dag står sterkt i samfunnet. (Side 105-106)

 

0 TrackBacks

Listed below are links to blogs that reference this entry: 1990-2004.

TrackBack URL for this entry: http://kristinese.no/cgi-bin/mt/mt-tb.cgi/31

Leave a comment

Categories

Pages

  • Afrikansk historie
  • Bildearkiv
  • Bøker
  • Meny
  • Prosjekt
Powered by Movable Type 4.1

About this Entry

This page contains a single entry by Kristin Ese published on May 5, 2008 3:12 PM.

BUL går frå nasjonal satsing til å dyrka det individuelle was the previous entry in this blog.

Dansk-norsk virksomhet på Gullkysten i Ghana is the next entry in this blog.

Find recent content on the main index or look in the archives to find all content.