Krigsmotstand

| | Comments (0) | TrackBacks (0)

Om tida fram til første verdskrigen heiter det i boka:

Bondeungdomslaget i Nidaros hadde i desse åra ein klar ideologisk profil der den nasjonale kampen for norsk språk og kultur var tydeleg. Dei tok stilling både når det gjaldt alkoholpolitikk, forsvarspolitikk og målsak. Bondeungdomslaget greidde etter kvart også å bygge opp ein kulturell identitet, som gjorde at dei vart ein del av byens kulturliv. (---) Det leiande sjiktet i organisasjonen var dyktige lagsbyggarar og skapte ien lagstradisjon og samversform som har eksistert nesten fram til i dag. Dei var og framsynte og skapte eit godt økonomiskgrunnlag for den seinare lagsdrifta. (Side 52)

Krigsmotstand

I 1942 vart styret i NU avsett og ein ny leiar vart plukka ut av nazistane. Men før dette skjedde hadde BUL kunngjort at møteverksemda i laget ville bli stogga. Styret i NU hadde da sendt ut eit opprop til alle lagsleiarar om at laga måtte melde frå at dei ikkje lenger rekna seg som medlemmer i NU. Utmeldingane kom like etter, og i alt var det 204 utmeldingar i BUL. Laget hadde da 263 medlemmer. Slik kan ein vel konkludere med at dei fleste folk i norskdomsrørsla var sterkt demokratisk innstilte. (---) Tyskarane og deira norske løpegutar greidde med andre ord ikkje å blåse liv i laget. Det einaste dei greidde var å rekvirere heile Bondeheimen og nekte Bondeungdomslaget å halde møte der. I tillegg vart hytta rekvirert av Strinda kommune som nytta ho som bustad. (Side 51)

0 TrackBacks

Listed below are links to blogs that reference this entry: Krigsmotstand.

TrackBack URL for this entry: http://kristinese.no/cgi-bin/mt/mt-tb.cgi/29

Leave a comment

Categories

Pages

  • Afrikansk historie
  • Bildearkiv
  • Bøker
  • Meny
  • Prosjekt
Powered by Movable Type 4.1

About this Entry

This page contains a single entry by Kristin Ese published on May 5, 2008 2:58 PM.

Namnestrid was the previous entry in this blog.

BUL går frå nasjonal satsing til å dyrka det individuelle is the next entry in this blog.

Find recent content on the main index or look in the archives to find all content.