Ungdomslaga i byane - lite kjend?

| | Comments (0) | TrackBacks (0)

I 1904 vart det skipa eit Bondeungdomslag i Trondheim. Laget var ein del av den frilyndte ungdomslagsrørsla som vaks fram over heile landet, og som har namnet Noregs Ungdomslag.

Skipinga av ugdomslagsrørsla handla i stor grad om kva for nasjonale ideal som skulle gjerast gjeldande for eit sjølvstendig Noreg. Ungdomslagsrørsla hadde ei viktig rolle i striden for å løysa opp unionen og nedkjempa den kulturelle bindinga til Danmark. Det var særleg den kulturelle påverknaden frå Danmark som gjorde det nødvendig å byggja opp ei nasjonal vekking i landet. Ideen var å føra fram det som var norsk med røter i bondesamfunnet.

Bykulturen vart sett på som utvatna og lite høveleg for å byggja opp ein norsk nasjonalstat. BUL i Nidaros skulle vera bruhovud for den reine, norske kulturen i Trondheim, som ein motpol til den forderva bykulturen. Organisasjonen var så nasjonal at den ikkje ein gong kunne godta bynamnet Trondhjem (i dag Trondheim). Laget vart ein samlingsstad for mange av bygdeungdommane som kom til byen for å arbeida eller gå på skule. Heilt fram til etter krigen stod BUL nokså fast i sin ideologi og fungerte som ein kulturell og politisk opposisjon i Trondheim. I etterkrigstida kom den nasjonale felleskapstanken meir inn i det norske samfunnet og motsetnadene mellom by og land vart mindre. BUL framsto meir og meir som ein organisasjon der tradisjonen og samversformene vart viktgare enn det ideologiske innhaldet.

Med striden mot EF på 1970-talet vart laget revitalisert, men endra politiske strukturar i samfunnet har skapt eit problem for ungdomslagsrørsla. Skilnaden mellom det urbane og bygda er mindre enn nokon sinne, og vi har fått eit samfunn der det nasjonale i ein viss grad stå i motsetnad til det fleirkulturelle. Det er eit faktum at alle tradisjonelle og ideologisk funderte organisasjonar som ungdomslag, mållag, fråhaldslag og kristelege organisasjonar i dag tapar terreng. I staden veks det fram nye organisasjonar som er baserte på ei anna tilhøyrigheit enn ideologi. Mange er baserte på fritidssyslar og indeviduelle ønskje. Målarkurs, dansekurs, matlagingskurs, venneforeiningar, velforeiningar osb er ein del av fritida vår. At organisasjonar som BUL har greidd å overleva, skuldast nok at laget også representerer denne nye forma for identitet i det moderne fritidssamfunnet. I BUL kan du vera med i songkoret, i teaterlaget eller dansa. Desse fritidsaktivitetane er meir sett som som ein del av eit fleirkulturelt samunn - og kanskje og som noko "eksotisk" norsk.

Den frilynte rørsla i bygdenoreg har hatt ei litt anna utvikling enn laga i byane. Men begge

strever i dag med å tilpassa seg endringane i samfunnet. Reint ideologisk har lag som BUL utkjempa sin kamp, men som kulturell organisasjon tilfører BUL kulturlivet i Trondheim framleis kvalitet og breidde - og er difor ein spennande organisasjon i bybiletet. Dei har oppretthalde folkemusikkmiljøet i byen. Folkedanslaget i BUL har gjort mykje for å halda norske og trønderske folkedanstradisjonar levande. Dei har og vore nyskapande med sine musikkteater. BUL-teateret er likevel den delen av organisasjonen som har nådd mest ut til folk i byen gjennom sine teateroppsettingar på den historiske staden Munkholmen. Det paradoksale her at teateroppsetjingane ikkje har eit snev av ideologisk forankring - anna enn at skodespelarane snakkar dialekt. BUL er i dag ein fritidsarena for bymenneske med spesialinteresser, og tilrettelegg amatørkultur på eit høgt nivå.

At ungdomslagsrørsla prøver å tilpassa seg endringane i samfunnet viser denne annonseringa på Noregs Ungdomslag sine sider oktober 2006:

Helga 20. - 23. oktober er det igjen klart for "Dans i 100" i Kristiansand. Dans i 100 er en årleg dansefestival og ein spennande møtestad for alle danseinteresserte i alle aldrar, på alle nivå, innan alle former for dans; salsa, magedans, break dance, swing, tango, jazzdans, seniordans, stepping og country line dance, hula-hula, vals, samba...

Svært mykje av litteraturen som er skriven om ungdomslagsrørsla i Noreg er ukritisk og i hovudsak skrive av folk med sterk tilknytnad til rørsla. Det finst nokre få unnatak som tilstreber ein meir vurderande og kritisk innfallsvinkel. Ungdomslaga i Noreg og deira betydning politisk og kulturelt er verd fleire studiar.

 

0 TrackBacks

Listed below are links to blogs that reference this entry: Ungdomslaga i byane - lite kjend?.

TrackBack URL for this entry: http://kristinese.no/cgi-bin/mt/mt-tb.cgi/24

Leave a comment

Categories

Pages

  • Afrikansk historie
  • Bildearkiv
  • Bøker
  • Meny
  • Prosjekt
Powered by Movable Type 4.1

About this Entry

This page contains a single entry by Kristin Ese published on May 5, 2008 1:38 PM.

was the previous entry in this blog.

Ei bru inn is the next entry in this blog.

Find recent content on the main index or look in the archives to find all content.