Frå det nasjonale til det individuelle
Gjenreisinga av
Noreg etter krigen var prega av stor tru på framtida. Den samla visjonen for
etterkrigssamfunnet var "eit Noreg med arbeid og velstand for alle". Dette var
det brei semje om både mellom dei politiske partia og mellom dei mange lag og
organisasjonar som fanst. Slik kom utviklinga av den norske velferdsstaten til
å stå fram som eit felles prosjekt gjennom 50- og 60-åra. Organisasjonane var
viktige hjørnesteinar i oppbygginga av landet og i demokratiseringsprosessen
etter krigen. Knapt noko anna land, etter folketalet, hadde så mange lag og
foreiningar til å fremme økonomiske, kulturelle, ideologiske og sosiale
interesser som Noreg. Ungdomslagsrørsla hadde i 1950 eit samla medlemstal på
47 600 fordel på 1218 lag i alle landsdelar. (Side 56)
Det programmet
som BUL la opp til gjennom dei første tiåra etter krigen fekk mang ein
"trondhjemmer" til å våge seg ned i kjellaren på hotell Bondeheimen.
Møteprogramma på 50- og 60-talet viser at BUL hadde eit allsidig program med
brei appell til mange grupper i samfunnet. (Side 57)
BUL greide å
tilby eit heilskapleg miljø for ganske mange innflyttarungdommar i Trondheim.
Laget hadde solid oppslutning (mellom 400-500 medlemmar; mykje godt studentar
og skuleelevar) og greidde å oppretthalde ein god balanse mellom lagsmøte og
studiesirklar på den eine sida - og festar og aktivitetar på den andre sida.
Kjenneteiknet for organisasjonen i desse tiåra var samarbeid og fellesskap.
(Side 67)
På 1970-talet føregjekk det ei politisering av laget,
i alle fall eit forsøk. Visse grupper innafor laget forsøkte å radikalisera BUL
medan ei anna gruppe kjempa hardt mot denne politiseringa. Det var brei semje i
BUL om at laget skulle ta opp og drøfte samfunnsaktuelle saker. Det spegla seg
klart i dei tema som vart tekne opp på lagsmøta, men det var stor usemje om
laget skulle ta stilling i politiske saker, også saker som EU-debatten. Årsaka
var at BUL ikke var ei homogen politisk gruppe. 1970-åra var difor ei turbulent
tid for laget med mange diskusjonar og åtak på tradisjonar og arbeidsmåter.
Samstundes hadde laget det høgste medlemstalet nokonsinne med over 600
medlemmer i 1975. Det var og stor aktivitet og utoverretta verksemd.
Kva skjedde så på 80-talet? BUL styrka seg som ein
sosial faktor i skule- og studentmiljøet i dette tiåret. Dei hadde mange
friluftsaktivitetar og kjøpte eit nedlagt småbruk i Hessdalen. BUL-hytta var i
aktiv bruk gjennom heile året. I 1987 var det registrert 3225 gjester på
BUL-hytta.Ein intern strid blomstra opp i laget mellom dei som ville halda på
tradisjonane og andre som ville modernisera laget og gjera det meir urbant.
Nynorskparagrafen vart heftig debattert og fleire ville stryka han.Det var og
fleire som ville endra namnet BUL i Nidaros avdi byen ikkje heitte Nidaros.
Laget burde ha eit namn som gav ei korrekt beskriving av kva namnet sto for. Men
laget heldt stand.Desse debattane er framleis aktuellei laget.
