Utdrag
av forordet skrive av professor Ola Svein Stugu, Historisk institutt NTNU
Noreg
i 1904 var på mange måta eit samfunn i oppbrot. Industrien hadde gjort sitt
inntog, byane var i rask vekst, jernbanejinjer, dampskipsruter og telegraf
hadde knytt landet saman til ein funksjonell ein skap, parlamentarisme og
allmenn røystrett for menn var innført og viktige beresøyler i
utdanningssamfunnet var på plass. Dei første trygdeordningane var også vedtekne
som ein forsmak på velferdssamfunnet. Mange av rammene for det samfunnet vi
kjenner ut gjennom 1900-talet var med andre ord på plass, sjølv om det stod att
mye for å fylle dei ut.
Samstundes
var landet prega av sterke motsetningar. Etter som industrialiseringa heldt
fram, vart skilja mellom dei som åtte mye og dei som berre rådde over
arbeidskrafta si, klarare Mange opplevde likevel kulturskilja mellom by og bygd
som både meir synlege og viktigare. Det mest akutte politiske problemet i tida
var knytt til hopehavet med Sverige i ein union som rett nok var svært laus,
men der det likevel var uklart kor reell likestillinga mellom unionspartnarane
var. Stadig fleire nordmenn meinte den beste måten å løyse flokane på, var å
gjere slutt på heile unionen.
Kva
nasjonale ideal som skulle gjerast gjeldande for eit sjølvstendig Noreg, var
det langt ifrå noka semja om. Dei meir pragmatiske meinte at alt som hadde
tilhald innanfor nasjonalstaten måtte kunne kallast "norsk", men det var og ein
stor flokk idealistar som berre ville godta kulturdrag med påvisbare røter i
det dei såg som norsk stordomstid før "dansketida", som retteleg norske. Denne
kulturen - og i dette inngjekk også det reine norske språket - hadde overlevd
best på bygdene. Dermed måtte ein også sjå bykulturen som uurein og utvatna.
Slik
var tida og tankemønstra Bondeungdomslaget i Nidaros og tilsvarande
organisasjonar i andre større byar vart fødde inn i. I tilspissa form var den
idelolgiske grunngjevinga for organisasjonane at dei skulle tene som bruhovud
for den reine norske kulturen i det tilsulka miljøet. Samstundes skulle dei gje
bygdeungdom som av ein eller annan grunn såg seg nøydde til å opphalde seg i
byen, ein trygg opphaldsstad i miljø der dei kunne kjenne seg kulturelt heime.
(Side 7 og 8)
