4 Ikkje alle velkomne: May 2008 Archives

Auka medlemstal og utreinskingar

Mellom 1913 og 1915 steig medlemstalet frå 320 til over 400. Det førte til at styret i 1916 strauk mange medlemmer som dei meinte var daudkjøt i organisasjonen. Frå 1917 til 1919 auka medlemsmassen igjen og nærmaseg 550. I følgje Todal (Anders Todal skreiv femtiårsskriftet til laget i 1954) var det berre å stille seg opp ved disken i Kaffistova og melde seg inn. Medlemmene som melde seg inn, var tydeleg ikkje av den sorten som laget ønskte seg, og for å få bukt med alle desse uønska elementa fekk daverande leiar,lærar Edin Berg frå Verdalen, vedteke at frå 1. april 1920 plikta alle medlemmene i BUL å halde minst eitt målblad, eller eitt tidsskrift på nynork. I følgje Todal verka vedtaket til å skilje klinten frå kveiten, og medlemstalet gjekk igjen tilbake til rundt 360 i 1920. (---)

I 1919 og 1920 vart det og ein diskusjon om klientellet på Kaffistova. Det kan stå som eit døme på den steile fronten mot det som smakte av arbeidarkultur. Kaffistova var ein populær stad for mange, og i ein periode da det var knapt med varer, var Kaffistova mellom dei få kafeane i byen som hadde nok av poteter og andre matvarer. (Side 34-35)

May 2008: Monthly Archives

Categories

Pages

  • Afrikansk historie
  • Bildearkiv
  • Bøker
  • Meny
  • Prosjekt
Powered by Movable Type 4.1

About this Archive

This page is a archive of entries in the 4 Ikkje alle velkomne category from May 2008.

Find recent content on the main index or look in the archives to find all content.