Om tida fram til første verdskrigen heiter det i boka:
Bondeungdomslaget
i Nidaros hadde i desse åra ein klar ideologisk profil der den nasjonale kampen
for norsk språk og kultur var tydeleg. Dei tok stilling både når det gjaldt
alkoholpolitikk, forsvarspolitikk og målsak. Bondeungdomslaget greidde etter
kvart også å bygge opp ein kulturell identitet, som gjorde at dei vart ein del
av byens kulturliv. (---) Det leiande sjiktet i organisasjonen var dyktige
lagsbyggarar og skapte ien lagstradisjon og samversform som har eksistert
nesten fram til i dag. Dei var og framsynte og skapte eit godt
økonomiskgrunnlag for den seinare lagsdrifta. (Side 52)
Krigsmotstand
I 1942 vart
styret i NU avsett og ein ny leiar vart plukka ut av nazistane. Men før dette
skjedde hadde BUL kunngjort at møteverksemda i laget ville bli stogga. Styret i
NU hadde da sendt ut eit opprop til alle lagsleiarar om at laga måtte melde frå
at dei ikkje lenger rekna seg som medlemmer i NU. Utmeldingane kom like etter,
og i alt var det 204 utmeldingar i BUL. Laget hadde da 263 medlemmer. Slik kan
ein vel konkludere med at dei fleste folk i norskdomsrørsla var sterkt
demokratisk innstilte. (---) Tyskarane og deira norske løpegutar greidde med
andre ord ikkje å blåse liv i laget. Det einaste dei greidde var å rekvirere
heile Bondeheimen og nekte Bondeungdomslaget å halde møte der. I tillegg vart
hytta rekvirert av Strinda kommune som nytta ho som bustad. (Side 51)
